Austrheim municipality
Kyst, energi og industri.
Austrheim kommune ligg ytst på kysten i Nordhordland og har om lag 3 000 innbyggjarar. Kommunen er tett knytt til havet og er kjend for sterke maritime tradisjonar, vakker kystnatur og nærleiken til Mongstad, eit av dei viktigaste industriområda i Noreg.
Næringslivet er prega av energi, industri, maritime verksemder og eit breitt spekter av lokale service- og teknologibedrifter. Samstundes tek Austrheim vare på den rike kulturhistoria og dei unike kystlandskapa som gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og besøkje.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Austrheim kommune koplinga til Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter for internasjonalt samarbeid som støttar lokal og regional utvikling.
Les meir på www.austrheim.kommune.no.