Studentpraktikant
Vest-Noregs Brusselkontor tek vanlegvis imot éin studentpraktikant kvart semester. Praksisperioden varer normalt frå midten av januar til juni i vårsemesteret og frå september til desember i haustsemesteret.
Om praksisopphaldet
Som studentpraktikant blir du ein del av den daglege drifta ved kontoret og får relevant arbeidserfaring frå den politiske hovudstaden i EU. Oppgåvene kan mellom anna vere å skrive artiklar og nyheitsbrev, delta i aktivitetane til kontoret og følgje aktuelle arrangement og konferansar i Brussel.
Vi ser etter studentar som har god kjennskap til institusjonane og politikken i EU, og som kjenner Vestlandet og interessene i regionen. Praksisopphaldet gir deg høve til å bruke den faglege kunnskapen din i praksis og få større innsikt i europeisk samarbeid.
Praksisplassen er ulønt. Det blir derfor lagt opp til at opphaldet inngår i utdanninga og gir studiepoeng, slik at studenten kan søkje om støtte frå Lånekassen. Det kan òg vere mogleg å søkje om mobilitetsstipend gjennom Erasmus+.
Praksisplassen for vårsemesteret blir normalt lyst ut om hausten, medan plassen for haustsemesteret blir lyst ut om våren. Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju.