Eidfjord municipality
Natur, reiseliv og vasskraft.
Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden, der fjord møter fjell og Hardangervidda. Med om lag 950 innbyggjarar er kommunen kjend for storslått natur, sterke friluftstradisjonar og nokre av Vestlandet sine mest besøkte reisemål.
Reiseliv er ei viktig næring i Eidfjord, saman med vasskraft, småindustri og landbruk. Kommunen arbeider for berekraftig utvikling og gode tenester, og legg til rette for eit levande lokalsamfunn og eit aktivt næringsliv.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Eidfjord kommune koplinga til Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter for internasjonalt samarbeid som støttar lokal og regional utvikling.
Les meir på www.eidfjord.kommune.no.