Fedje municipality

Kystsamfunn med maritim kompetanse.

Fedje er Noregs vestlegaste kommune og består av ei hovudøy og ei rekkje mindre øyar og holmar ytst mot havet. Med om lag 600 innbyggjarar er Fedje eit lite, men viktig kystsamfunn med lange maritime tradisjonar.

Fiskeri har historisk vore hovudnæringa, men i dag har kommunen eit variert næringsliv med verksemder innan maritim industri, sjøtransport, tryggleik og reiseliv. Fedje er òg vertskap for Fedje trafikksentral og losstasjonen, som spelar ei viktig rolle for skipstrafikken langs norskekysten.

Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Fedje kommune koplinga til Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter for samarbeid som støttar utvikling av lokalsamfunn og næringsliv.

Les meir på www.fedje.kommune.no.

Astri Knudsen

Astri is the CEO and advisor at Gasta. She is passionate about good communication, smart digital solutions, and making the complicated a little easier to understand.

astri@gasta.no

Previous
Previous

Eidfjord municipality

Next
Next

Institute of Marine Research