Kinn municipality
Maritim kompetanse og kystkraft.
Kinn kommune vart etablert i 2020 gjennom samanslåinga av Flora og Vågsøy. Med om lag 17 000 innbyggjarar og administrasjonssenter i Florø og Måløy er kommunen ein av dei største kystkommunane i Vestland.
Kinn har eit innovativt og eksportretta næringsliv med sterke miljø innan fiskeri, havbruk, skipsbygging, maritim industri og leveransar til energinæringa. Kommunen er kjend for si lange kysthistorie, sterke maritime kompetanse og storslåtte natur med øyar, fjordar og hav.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer Kinn kommune koplinga til Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter for internasjonalt samarbeid som støttar utvikling av både næringsliv og lokalsamfunn.
Les meir på www.kinn.kommune.no.