Vik municipality
Vik ligg på sørsida av Sognefjorden og omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til kommunesenteret Vikøyri.
Kommunen har eit variert næringsliv med industri og landbruk som viktige berebjelkar. Vik er særleg kjend for fruktdyrking, bringebær og gamalost. TINE Meieriet Vik er det einaste meieriet i landet som produserer gamalost, og «Gamalost frå Vik» har status som verna geografisk nemning. Gamalostfestivalen og Norsk Bringebærfestival løftar fram dei sterke mattradisjonane i kommunen.
Les meir på nettsidene til Vik kommune.