VID Specialized University
Kunnskap med internasjonalt perspektiv.
VID vitenskapelige høgskole er ein av dei største private vitskaplege høgskulane i Noreg, med om lag 6 000 studentar og 600 tilsette. Høgskulen har campus i Bergen, Oslo og Stavanger, og tilbyr utdanning og forsking innan helse, sosialfag, samfunnsvitskap, teologi og verdibasert leiing.
På Vestlandet er VID godt forankra med campus i Bergen og tett samarbeid med Haraldsplass Diakonale sjukehus. Høgskulen har sterke forskingsmiljø og eit aktivt internasjonalt engasjement gjennom europeiske partnarskap og forskings- og utdanningsprosjekt.
Gjennom medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor styrkjer VID samarbeidet med Europa og får tilgang til innsikt, nettverk og moglegheiter som fremjar forsking, utdanning og internasjonalt samarbeid.
Les meir på www.vid.no.